Destination Venus (VINYL)

Steinar Karlsen

249,00 24900
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Laster inn
Bestillingsvare Sendes vanligvis innen 7-14 dager
Frakt 49,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-
Gjer deg klar for ei musikalsk reise til planeten Venus. Den nye plata til Steinar Karlsen – Destination Venus blir sleppt 17. april 2020.

Gitaristen frå Vestland har sidan solodebuten Ulydium (2011) hausta åtgaum for sine instrumentalplater. Det amerikanske magasinet Vintage Guitar omtalte plata Tur (2015) som "One of the best instrumental releases of the year".

På si femte plate, Destination Venus, held Karlsen fram å utforske sitt univers av underfundig ørkenmusikk. Dei sterke melodiane står framleis i sentrum, og med referansar til både Ry Cooder, Marc Ribot og Pink Floyd ligg det til rette for ei spektakuler og utanomjordisk reise du lenge vil hugse.

Destination Venus inneheld tolv orginalkomposisjonar og er innspelt i Amper Tone, Oslo. Steinar Karlsen: gitar og tangentar, Eirik Øien: bass og Martin Langlie: trommer Produsert av Steinar Karlsen og Bård Ingebrigtsen.

Sporliste

  1. The Goodbye
  2. Night Flight
  3. The Karman Line
  4. Weightless
  5. Picnic On The Moon
  6. Space Camel
  7. Monsters
  8. The Trip
  9. Red Skies
  10. Venus
  11. A Billion Stars
  12. Acid Rain

Produktfakta

Utgitt 2020 Format VINYL
Sjanger Rock Antall disker 1
Antall spor 12 Artist Steinar Karlsen
Bestillingsnummer OTWLP005

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende